Hopp til innhold

Norsk forskingsprosjekt i sluttfasen - trur denne pilla kan gje Parkinsons-gjennombrot

I tiår har ein leita etter ein kur mot hjernesjukdomen. Forsking frå Bergen er kanskje det fremste håpet.

– Eg er optimist. I løpet av dei siste ti åra har det skjedd mykje meir enn på dei 50 siste, seier Charalampos Tzoulis.

Norsk-grekaren er ein av dei fremste forskarane på Parkinsons sjukdom i verda.

Og den som leiar forskingsteamet som kanskje står bak gjennombrotet i leitinga etter ein kur mot den så langt ulækjelege sjukdomen.

– Det kan godt hende gjennombrotet kjem frå Bergen. Men det er og fleire andre team som har spanande resultat, seier professoren og overlegen i neurologi ved Universitetet i Bergen og Haukeland universitetssjukehus.

I går kunne han starte den siste fasen i forskingsarbeidet som kan stadfeste at deira metode fungerer.

Charalampos Tzoulis er og leiar av K. G. Jebsen-senter for Parkinson sykdom på UiB.

Charalampos Tzoulis er og leiar av K.G. Jebsen-senter for Parkinson sjukdom på UiB.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Kosttilskot til pasientane

Parkinson er eit tilstand der cellene i sentralnervesystemet vert brotne ned. Sjukdomen kan arte seg særs forskjellig frå person til person.

For to år sidan fortalde NRK for første gong om prosjektet der forskarane vil bremse utviklinga av Parkinson sjukdom ved ein pille.

Les også Forska på Roar sin hjerne og gjorde enormt gjennombrot – gjev nytt håp til Parkinson

Roar Iversen, mann med briller i profiil, ser utover vann i Bergen, gul kran i bakgrunnen.

Kort sagt gjev dei stoffet NAD, som finst naturleg i kroppen, til pasientane. NAD er naudsynt for energistoffskiftet og for å bevare arvestoff. Det forsvinn vanlegvis gradvis med sjukdomar og alderdom.

I dei første fasane av forskinga har dei bevist at ein pille kan få opp NAD-nivået i ein menneskehjerne.

Dette har positiv effekt på sjukdomen.

I siste fase vil ein no bevise at tablettane med NAD har positiv effekt på mange nok til at det kan bli ein medisin som vert sett i produksjon.

Derfor har teamet rekruttert 400 pasientar over heile Noreg som vil vere med på å stadfeste om medisinen faktisk fungerer.

Vi veit pilla vår har effekt på hjernen. Spørsmålet er om effekten er god nok hos mange nok, seier Tzoulis.

Charalampos Tzoulis professor og overlege

Dette er den tredje og avgjerande fasen i forskinga. Berre kring ein av ti studiar når så langt.

Og den norske studia er løfta fram som ein av dei aller mest lovande på feltet.

Konklusjonen kjem om eit år.

– Då får vi eit veldig konkret svar. Kan denne behandlinga bremse utviklinga av Parkinson, eller ikkje?

Ein folkesjukdom

Tzoulis seier dei og er optimisme med tanke på at deira metode vil ha effekt på atypisk Parkinson. Dette er ei sjeldnare og meir aggressiv form for Parkinson.

Den har så langt ikkje nokon medikament lindra.

Parkinson er den hjernesjukdomen som har sterkast vekst. Kring 12.000 nordmenn har diagnosen i dag.

– Både eg og andre har kalla dette for ein Parkinson-pandemi, seier Tzoulis.

Han seier det er fleire teoriar på kvifor det er ein slik vekst i talet med diagnosen.

Kristin Ruud, generalsekretær Norges Parkinsonforbund.

Kristin Ruud er generalsekretær i Norges Parkinsonforbund

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Men det som er sikkert er at det legg eit særleg press på å finne effektive medisinar.

– Denne forskinga gjev optimisme. Og det treng vi. Vi feirar 40 årsjubileum, og opplever jo det skjer mykje no, seier Kristin Ruud, generalsekretær i Norges Parkinsonforbund.

Forbundet markerer 40-årsjubileum i desse dagar. No vonar dei på eit gjennombrot etter tiår med venting.

Gjerne eit frå forskarmiljøet i Bergen.

Solfrid Lexau

Har levd 12 år med en sykdom hun ikke har